SØKNAD OM GODKJENNING SOM LÆREBEDRIFT

Det er fire krav som må vere innfridd for å få godkjenning som lærebedrift: 

KRAV TIL AKTIVITET OG UTSTYR

Bedrifta må ha ein slik aktivitet og slikt utstyr at ho kan gi opplæring som tilfredsstiller krava i læreplanen (Se Læreplanen for faget). Dersom bedrifta ikkje har tilstrekkeleg aktivitet og utstyr, kan bedrifta inngå samarbeid med andre bedrifter om opplæringa. I så fall skal ei samarbeidsavtale med andre bedrifter vere vedlagt søknaden om godkjenning, og så langt som mogleg skildre kva modular i læreplanen samarbeidet skal omfatte.

Når Fagopplæringskontoret er i tvil om bedrifta stettar kravet til aktivitet og utstyr, kan det vere aktuelt å nytte Yrkesutvalet i faget for å få ei vurdering av bedrifta. Det er Prøvenemnda i faget som fungerer som yrkesutval, og dei vil ta ei synfaring på bedrifta som grunnlag for ei uttale til Fagopplæringskontoret.

KRAV TIL FAGLEG LEIAR

Lærebedrifta må ha fagleg leiar med ansvar for, og tilsynet med, opplæringa. Krav til fagleg leiar er relevant fag-/sveinebrev. I nye fag eller i spesielle høve kan lang og allsidig praksis i faget godkjennast. Fagleg leiar sine kvalifikasjonar må dokumenterast i samband med søknaden. Dersom slik dokumentasjon manglar, kan søknaden verte returnert.

KRAV TIL INTERN OPPLÆRINGSPLAN

Lærebedrifta må utvikle intern plan for opplæringa for å sikre at lærlingen får opplæring som tilfredsstiller krava i læreplanen. Denne planen skal vere kjent for lærlingen, og så langt som mogleg vere individuelt tilpassa.

KRAV TIL Å TA INN LÆRLING

Godkjenninga har som føresetnad at bedrifta tar inn lærling. Dersom bedrifta ikkje tar inn lærling samstundes som det vert gitt godkjenning, vil godkjenninga bli gitt som ei midlartidig ordning med to års varigleik. Godkjenninga vil falle bort dersom det går meir enn to år utan at lærebedrifta tar inn lærling, eller det går to år frå siste avslutta lærekontrakt utan at det vert tatt inn ny lærling.

Noen av fagene vi er godkjent i: ( for fullstendig liste se på lærefag registrert på den enkelte medlemsbedrift)

Barne&Ungdomsarbeiderfaget - Platearbeiderfaget

Elektrikerfaget - Sveisefaget

Tømrerfaget - Murerfaget

Kokkefaget - Metallurgisk prosessfag

Maskinarbeiderfaget - Reparatør lette kjøretøy

Forskalingsfaget - Yrkessjåførfaget

Omsorgsarbeiderfaget - Energimontørfaget

Automasjonsfag - Energioperatør

Kjemi prosessfag - Bilskadefaget

NDT-Operatør

OPPLÆRINGS

kontoret

f o r   H a r d a n g e r

Kontakt oss

Eitrheimsvegen 18

5750 ODDA

Tlf.: 53 64 65 00

E-post: post@okhardanger.no

Terje Rognsvåg

Mob.: 917 16 107


Hildegunn Espe

Mob.: 469 05 706

Annen informasjon